Elva Findhorn

Findhorn
elv
Land  Skottland
Munning Findhorn Bay
Kart
Elva Findhorn
57°37′55″N 3°38′04″W / 57.631863°N 3.634535°W / 57.631863; -3.634535
Wikimedia Commons: River Findhorn

Findhorn (skotsk-gælisk Uisge Fionn Èireann) er ei av dei lengste elvene i Skottland. Ho ligg nordaust i landet, og flyt ut i Moray Firth på nordkysten. Elva har eit av dei største estuara i Skottland som ikkje er eit firth.

Findhorn nær utspringet i Coignafearn Forest.
Findhorn-bukta frå lufta elva Findhorn i midten og Muckle Burn oppe til høgre.
Landsbyen Findhorn

Elva er kring 100 kilometer (62 mi)[1] lang. Nedslagsfeltet er 1 300 kvadratkilometer (500 sq mi).[2]

Findhorn er ei god lakse- og aureelv, og er populær blant fiskarar frå heile verda. Ho er også ei av dei klassiske raftingelvene i Skottland, med graderingar frå 2 til 4 på den internasjonale skalaen for elvepadling.[3]

  1. Almanac of Scotland Retrieved 9 June 2018.
  2. "River Findhorn". The Findhorn, Nairn and Lossie Fisheries Trust. Retrieved 9 June 2018.
  3. "River Findhorn - Gorge". The UK Rivers Guidebook. UKRGB. Henta 3. juni 2018

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search